Gå direkt till innehållet
Russiske imperium
Spara

Russiske imperium

Författare:
Norska (nynorsk)
Lägsta pris på PriceRunner
Russland har vore eit imperium i nesten 500 år. Det gamle russiske imperiet gjekk under i 1917, men oppstod snart i transformert versjon som Sovjetunionen. Sovjetunionen blei historie i 1991, men mange russarar førestiller seg enno eit Russland som er større enn det som ligg innanfor den noverande russiske føderasjonen. Russiske imperium syner korleis arven frå imperiefortida pregar dagens Russland både politisk og ideologisk. For å forstå Russland og russisk sjølvforståing må vi kjenna til landet si forhistorie som ei verdsmakt. Boka gjev den historiske bakgrunnen for nyare konfliktar med nabostatar og andre spenningar i samtida. Samstundes peikar ho på praksisar og tenkjemåtar som har blitt borte undervegs. Russland har sidan 1500-talet vore imperium på ulike måtar. Og imperiet var – og er – meir enn berre imperialisme. Boka analyserer mangfaldige konstellasjonar av eit sentrum i samverke med ulike periferiar, og kombinerer den politiske historia med ei idéhistorisk framstilling av russiske sjølvbilde, før og no.
ISBN
9788202548926
Språk
Norska (nynorsk)
Vikt
310 gram
Utgivningsdatum
2017-06-28
Sidor
356