
Leik i barnehagen
Denne boka gir studentar og barnehagelærarar eit teoretisk og profesjonsfagleg grunnlag for å forstå, analysere og vidareutvikle leik i barnehagen.
Forfattarane presenterer teoretikarar som beskriv leik innan utviklingspsykologiske og kulturhistoriske tilnærmingar, filosofiske tilnærmingar, psykodynamiske tilnærmingar, sosialantropologiske tilnærmingar og leik i evolusjonsperspektiv. Presentasjonane av teoriane er knytt til arbeid i barnehagen. Som avslutning blir det vist til behov for fleire teoriar og diskutert om leik kan sjåast som demokratiske danningsarenaer.
Boka gir innsikt i leik som utviklingsarena, danningsprosess og kulturell praksis – og styrkjer barnehagelæraren sitt faglege skjønn i møte med ein kompleks kvardag. Saman med boka Læring i barnehagen dannar denne utgivinga bevisstheit og fagleg grunnlag for å sjå samanhengar mellom perspektiv på leik og læring og korleis ein kan arbeide i barnehagen.
- Alaotsikko
- Teoretiske perspektiv og pedagogisk praksis
- Kirjailija
- Liv Torunn Grindheim, Tove Lafton
- Painos
- 1
- ISBN
- 9788245061215
- Kieli
- nykynorja (nynorsk)
- Paino
- 310 grammaa
- Kustantaja
- Fagbokforlaget