
Dad eller teiknaren Eyvin Ovrum
han starta som avisteiknar. Det tok til i St Paul’s Dispatch and Pioneer i 1909, det heldt fram i
Morgenbladet i 1911, og i 1915 grunnla han reklamefirmaet Atelier E-O. Han ga seg med reklame
rundt 1940, fordi annonsane ikkje lenger skulle vere morosame. Hans tid som teiknar gir seg òg i
all hovudsak på denne tida. Etter 2.verdskrigen var firmaet kjent for teikneseriar, som alle var
teikna av Kaare Bratung.
Han var i reklameverda rekna som ein sentral figur for moderne reklameverksemd. Han brukte
folkeeventyr og anna litteratur han kjente, og humor var eit av kjennemerka hans. Begge delar
finn vi i avisarbeida hans òg. Han leita alltid etter det sentrale i intervju- og reklame-objektet og
freista sjå det uvanlege og gjerne det humoristiske.
Eyvin Ovrum var med å stifte Tegnerforbundet og var den første leiaren der. Han dro i gang
medlemsbladet Numer og leverte både teikningar, tekstar i dei fire første utgåvene.
Han brukte òg å skrive eigne reportasjar i avisene. Det starta han med i USA og heldt fram I
Kristiania, men det blei ikkje bare i avis. Han skreiv nokre bøker og lagde småhefter både for
barn og vaksne.Her brukte han signaturen Dad, noko som blei eit namn familien og kjente alltid
brukte om han. Skrivinga har dei same kjennemerka, naturleg nok, som teiknearbeida hans - humor,
vidd og artige vinklingar.
Jon Ovrum (f. 1947) er pensjonert lektor fra° den vidarega°ande skulen, med hovudfag i historie og med støttefaga nordisk, kunsthistorie og filosofi. Han har skrive ba°de bok- og musikkom- taler i, og ein rad sma°tekstar pa° baksida av, avisa Klassekampen. For nokre a°r sidan ga han ut boka «A°ret rundt med Caravaggio», med omtaler av dei fleste ma°larverka til den kjende, italienske ma°laren.