

Ida i Italia
Kva gjer ein når ein ikkje finn plassen sin nokon stad, ikkje eingong i sin eigen kropp? Ida leiter hos den nye naboen, som er bilethoggar, ho leiter i verkstaden hennar, i huset hennar i Italia. Ho leiter i det framande språket, i smakane og luktene, i vinen som ho blandar ut med vatn. Og ho leiter i ei marmorblokk, søkjer etter ei kvinneform i den harde steinen. Idas italienske reise skal setja djupe spor i den unge jenta.
Ida i Italia er eit portrett av kunstnaren som ung kvinne, ein klassisk danningsroman i ei stram og moderne form. Ingrid Z. Aanestad skriv med autoritet og opne sansar om den livreddande krafta som kan finnast i kunst og venleik - og om å akseptera det uferdige.
- Undertittel
- Roman
- Forfatter
- Ingrid Z. Aanestad
- Opplag
- 1
- ISBN
- 9788249529025
- Språk
- Norsk (nynorsk)
- Utgivelsesdato
- 25.7.2024
- Forlag
- Oktober
- Tilgjengelige elektroniske format
- Epub - vannmerket
- Antall sider
- 113
- Les e-boka her
- Adlibris app
- Lesebrett
- Datamaskin
