

Full bajas
Korleis vere perfekt uperfekt? Orion Sigerstad er perfekt. Så perfekt at han ikkje har brukt viskelêr i heile sitt liv, for han skriv aldri feil. Han anar ikkje kor rektors kontor er, for han har aldri oppført seg i nærleiken av dårleg. Og han spelar fløyte så perfekt at han kjem til å bli tidenes yngste elev ved Makelaus musikkonservatorium. Han må berre få vist det på den store konserten i morgon! Men på konsertdagen vaknar Orion og er blitt heilt bajas. Når han skal seie pent god morgon til foreldra, brølar han i staden. Han skriv TISS som svar på matteoppgåva. Han kastar ball i ansiktet på gymlæraren. Og han spelar ikkje ein einaste riktig tone på fløyta. Kva er det som går av han? Og går det an å fikse det i tide til den viktige konserten? Boka er illustrert av Maja Kjellstad Aanonsen.
- Forfatter
- Ingunn Thon
- Illustratør
- Maja Kjellstad Aanonsen
- Alder
- 6-9 år
- Opplag
- 1
- ISBN
- 9788234010316
- Språk
- Norsk (nynorsk)
- Utgivelsesdato
- 12.9.2023
- Forlag
- Samlaget
- Tilgjengelige elektroniske format
- Epub - vannmerket
- Antall sider
- 149
- Les e-boka her
- Adlibris app
- Lesebrett
- Datamaskin
