
Undervegs med Nanna With
Forfattaren fylgjer Nanna frå ho vaks opp på handelsstaden Risøyhamn på Andøya i Nordland og vidare gjennom tre ulike yrkeskarrierar. Mellom anna bygde ho opp ei medieverksemd frå berre ein tilsett, til ho 12 år seinare hadde 50 tilsette. Lesaren er med henne på reisa jorda rundt åleine, som den første norske kvinna i historia. Vi får innsikt i hennar breie og brennande samfunnsengasjement som kosta kamp og mot, og som sette varige spor etter seg.
Aud Farstad er historikar og forfattar. Ho har skrive mange bøker, mellom anna «På død og liv. Distriktsjordmødrenes historie» og «Amanda – journalist og pioner».
- Undertittel
- Globetrottar og samfunnsbyggar
- Forfatter
- Aud Farstad
- Opplag
- 1
- ISBN
- 9788281046436
- Språk
- Norsk (nynorsk)
- Vekt
- 810 gram
- Utgivelsesdato
- 15.5.2025
- Forlag
- Orkana
- Antall sider
- 310
