
Sju galningar
I samtida blei Arlt kritisert for den ureine stilen sin, men ettertida har sett på han som ein nyskapar. Arlt blanda ulike skrivemåtar og braut både konvensjonar og fornuftas reglar. Historia om den pengelense Erdosain er ein røvarroman med element av surrealisme og skiten realisme. Verket er drive av ein rasande desperasjon, eit agg mot samfunnet og ein hemningslaus fantasi som gjer romanen til ein nærast profetisk parabel over det urolege hundreåret som kom etter boka.
«La oss, for å vere beskjedne, seie at Roberto Arlt er Jesus Kristus.» Roberto Bolaño
Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.
- Forfatter
- Roberto Arlt
- Oversetter
- Øystein Vidnes
- Opplag
- 1
- ISBN
- 9788279593744
- Språk
- Norsk (nynorsk)
- Vekt
- 390 gram
- Utgivelsesdato
- 30.5.2024
- Forlag
- Skald
- Antall sider
- 342
