Gå direkte til innholdet
Eple, pære, plomme
Spar

Eple, pære, plomme

Forfatter:
innbundet, 2025
Norsk (nynorsk)
Fruktdyrking har lange røter i norsk historie, og frå gamalt av har det vore dyrka eit rikt mangfald av ulike fruktsortar her i landet. For aller første gong er dei heimlege sortane av eple, plommer og pærer samla i eit oppdatert praktverk.Frå 1800-talet vart det gitt ut vakre, illustrerte pomologiske bøker i Europa, der unike fruktsortar blei presenterte og vist fram. I Noreg kom Norsk Pomologi. Bind I: Epler ut i 1939, følgt av eit band om pærer i 1958. Den planlagde boka om plommer kom aldri ut.Eple, pære, plomme skriv seg inn i denne boktradisjonen med sine korte, informative tekstar og tilhøyrande kunstverk som skildrar dei ulike sortane i detalj.Denne praktboka er rikt illustrert med detaljerte, handmåla akvarellar av Hege Gjerde Sviggum og løftar fram over 130 sortar som har vore vanlege i norske frukthagar gjennom historia. I tillegg til omtale av kvar enkelt sort, får du innførande artiklar om tradisjonell fruktdyrking, skadedyr, plantehelse og lagring.Boka er ei kjærleikserklæring til norsk fruktdyrking som både dokumenterer kunnskap som er i ferd med å forsvinne og inspirerer oss til å ta vare på dei gamle kulturarvssortane.
Undertittel
Ein ny norsk pomologi over historiske og levande fruktsortar med røter i vår felles kulturarv
Forfatter
Finn Måge
Opplag
1
ISBN
9788279593713
Språk
Norsk (nynorsk)
Vekt
1090 gram
Utgivelsesdato
9.9.2025
Forlag
Skald
Antall sider
359