
Drama for domkapitlet
Kapitelretten var ein spesialdomstol i det dansk-norske rettsapparatet i tidleg nytid. Saksgrunnlaget var først og fremst ekteskapssaker og interne kyrkjelege konfliktar. Fleirtalet av dommarane var prestar knytt til domkyrkja i stiftet.
Ekteskapstrøbbel, familiefeidar og omdiskuterte sjelesørgjarar prega rettsmøta. Referata gir unike innblikk i vanlege folk sitt liv. Dei viser menneskeleg samkvem og kvardagsliv, men også korleis retten endra seg over tid. Boka baserer seg på referat frå domkapitelretten i Stavanger stift (frå 1682 kalla Kristiansand stift) i perioden 1600 til 1750.
Margit Løyland er historikar og arbeider i Arkivverket. Ho er ein erfaren formidlar og har gitt ut fleire vitskaplege og populærvitskaplege bøker og artiklar, mellom anna Hollendertida i Norge 1550–1750 og Aschehougs illustrerte norgeshistorie, saman med Unni Løkkebø.
- Undertittel
- Krangel og kriser i kapitelretten 1600-1750
- Forfatter
- Margit Løyland
- Opplag
- 1
- ISBN
- 9788281402980
- Språk
- Norsk (nynorsk)
- Vekt
- 1131 gram
- Utgivelsesdato
- 2.10.2025
- Forlag
- Wigestrand
- Antall sider
- 294
