Innføring i historisk forståing og metode, revidert utgåve
Kva for innsikt om fortida er det historikarane søkjer? Og korleis går dei fram for å nå denne innsikta og skape meiningsfulle framstillingar av det fortidige? Dette er to av problemstillingane
som forfattarane tek opp i denne innføringsboka i historisk forståing og metode. I denne revisjonen er det komme til ein del om munnlege kjelder og bilete.
Forfattarane syner mangfaldet i kunnskapen om fortida og arbeidsmåtane som kan brukast for å gripe henne. Dei tek føre seg alle delar av forskingsprosessen, val av problemstilling og avgrensing, metodiske innfallsvinklar i arbeidet med kjelder og, ikkje minst, den rolla teoriane har i slikt arbeid. Boka viser korleis ein kan forklare hendingar og prosessar historisk, samstundes som ho legg vekt på at historiefaget sjølv nettopp må forståast
historisk. Emna, metodane og perspektiva har endra seg over tid, samstundes som
mykje av det gamle historiefaget pregar måten historikarar arbeider på i dag.

Å gripe fortida
av Astri Andresen, Sissel Rosland, Teemu Ryymin, Svein Atle Skålevåg
310,-
Veil.pris 389,- Du sparer 79,-
Fri frakt for privatpersoner.
Sendes innen 1‑2 virkedager.
- Forfatter: Astri Andresen Sissel Rosland Teemu Ryymin Svein Atle Skålevåg
- Undertittel: innføring i historisk forståing og metode
- Språk: Norsk (nynorsk)
- Utgitt: 2015-02
- ISBN: 9788252186635
- Forlag: Samlaget
- Opplag: 2 (2015)
- Antall sider: 238
- Vekt: 520 gram