Gå direkte til innholdet
Til døden skil oss
Spar

Til døden skil oss

Forfatter:
innbundet, 2024
Norsk (nynorsk)
Jacob Juul er tilbake! Det er ei veke til den nye presten i bygda, Maria, skal gifta seg med Gjertrud, og gamlepresten Jacob Juul har tatt på seg vertskapsrolla og invitert til bryllaupsfest i prestegarden. Han får god hjelp av barnebarnet, Isabella Donnatina, som også skal vera brurepike, og ikkje fullt så god hjelp frå mor til Maria, Solveig Myklebust, som viser seg å vera ei handfull, men heldigvis er det fleire andre gode hjelparar. Det er derimot ei utfordring at den eine brura, Gjertrud, er gravid, og at sommaren er den varmaste i manns minne, og det hjelper ikkje at helsa til Jacob skrantar, men det mest prekære er likevel å få fjerna eit nake og oljete lik frå andre etasje og rista av seg eit par skruppellause bandittar som herjar i nabolaget. Ja, og å overtyda barnevernet om at prestegarden er den rette heimen for Isabella Donnatina, da. Velkommen tilbake til Finnskogen! Om Til jord skal du bli (2022): "Rølpete roman om en pensjonert prest som blir morder på side 1. Anbefales!" - SISS VIK, NRK "En lettbeint, velturnert, underholdende røverroman." - SIGMUND JENSEN, STAVANGER AFTENBLAD
Undertittel
Ein Jacob Juul-roman
Opplag
1
ISBN
9788234012402
Språk
Norsk (nynorsk)
Vekt
304 gram
Utgivelsesdato
31.7.2024
Forlag
Samlaget
Antall sider
206