Gå direkte til innholdet
Tenkende hender
Spar

Tenkende hender

innbundet, 2022
Norsk (bokmål)
«Tenkende hender» handlar om historia til Tromsø Husflidslag, men også om mykje meir. Gjennom hundre år sette ulike samfunnsendringar og trendar preg på laget. Første del av boka, skriven av Åsa Elstad, tar blant anna for seg korleis husflidslaget arbeidde for «hjelp til sjølvhjelp», formidling av kulturarv og opplæring i handverk og materialkunnskap. I dag arbeider laget også for å bidra til eit meir berekraftig samfunn. Husflidslaget si historie er ein del av byhistoria, noko som blir understreka av Ingebjørg Hage sine tekstar om hus i byen der husflidslaget har hatt aktivitetar. I andre del av boka blir husflidsperspektivet utvida. Torunn Hamran skriv om korleis kvinneforeiningane brukte handarbeidet i arbeidet for eit betre helsetilbod. Kjellaug Isaksen skriv om den samiske oppstadveven, greneveven. Kari Stangnes fortel historia om Troms-bunaden og Ellen Berit Dalbakk / Rámavuol Elle Bigge reflekterer r.undt utviklinga av duodjie, det samiske handverket. Torunn Sedolfsen fortel om eit kurs i vevtradisjonar i Troms, og Aslaug Magdalena Juliussen skildrar korleis handverkstradisjonane i familien var med på å forme henne som kunstnar. Boka er rikt illustrert.
Undertittel
Tromsø husflidslag 1922-2022
Redaktør
Åsa Elstad
Opplag
1
ISBN
9788281045194
Språk
Norsk (bokmål)
Vekt
860 gram
Utgivelsesdato
25.8.2022
Forlag
Orkana
Antall sider
263