
Swanns kjærleik
Generelt sett er Prousts store verk éin stor roman, med eit unnatak: «Swanns kjærleik», som er ein lang digresjon og i stor grad står på eigne bein. Forteljinga er blant dei mest kjende kjærleikshistoriene i verdslitteraturen, og er ein fin inngang i den store forfattarskapen og er i fleire land utgitt som eige verk. Den intense historia om korleis levemannen Swann steg for steg forvillar seg inn i ei kjærleiksaffære, har alt som følgjer med av lengsel, havesjuke, sjalusi, svik, sjølvplaging og den underliggande undringa på om det verkeleg går an å kjenne eit anna menneske.
Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.
- Forfatter
- Marcel Proust
- Oversetter
- Margunn Vikingstad
- Opplag
- 1
- ISBN
- 9788279593652
- Språk
- Norsk (nynorsk)
- Vekt
- 352 gram
- Utgivelsesdato
- 23.10.2023
- Forlag
- Skald
- Antall sider
- 306
