Gå direkte til innholdet
Strikk vottar
Spar

Strikk vottar

Forfatter:
innbundet, 2024
Norsk (nynorsk)
Friskt og fargerikt med inspirasjon frå tradisjon Her får du oppskrifter på 30 ulike vottemønster. Ingvild Grane har late seg inspirera av tradisjonsstrikk, men gitt vottane eit oppdatert og friskt uttrykk. Oppskriftene spenner frå det enkle og grafiske til det meir frodige og ekstravagante. Nokre passar for nybyrjaren, andre for den meir avanserte vottestrikkaren. Her er oppskrifter på vottar strikka med tjukt garn og tjukke pinnar, som kan strikkast på ein kveld, men også oppskrifter med tynnare garn og pinnar, og meir intrikate mønster. Her er vottar til alle, frå små barn til vaksne, gutar og jenter, kvinner og menn. Og hugs, vottar er perfekt restegarnstrikk. Ingen vottar treng meir enn eitt nøste per farge, og mange vottar kan strikkast med dei små garnrestane du har liggande. Alle vottane er strikka i rein ull av norsk garn frå Rauma garn og Hillesvåg Ullvarefabrikk. PDF med rettingar: https://qrco.de/strikkvottar
Undertittel
30 fargerike mønster
Forfatter
Ingvild Grane
Opplag
1
ISBN
9788234013539
Språk
Norsk (nynorsk)
Vekt
880 gram
Utgivelsesdato
26.8.2024
Forlag
Samlaget
Antall sider
230