Gå direkte til innholdet
Statsminister-boka
Spar

Statsminister-boka

Forfatter:
Norsk (nynorsk)
Ei bok for heile folket og for statsministeren Denne Statsminister-boka er ei bok for deg! Det er ei samling enkle, men ulike dikt som alle fortel om ein lett aldrande statsminister. Om ein som likar å styre landet, som likar å vere sint, å krangle og slåst, men som også er glad i kjøtkaker og sild. Det er ein statsminister som liknar på oss alle, store som små. Denne Statsminister-boka er tenkt som ei biletbok, men har enno ingen illustrasjonar. Difor har boka god plass for deg til å teikne og fargeleggje. Her kan du sjølv bestemme korleis statsministeren og alt anna skal sjå ut! Til slutt i boka har forfattaren skrive eit etterord som viser kor lang tid det kan ta frå levering av manuskript til utgiving av bok: 45 år! Det er ein statsminister verdig.
Forfatter
Einar Økland
Opplag
1
ISBN
9788252185195
Språk
Norsk (nynorsk)
Vekt
110 gram
Utgivelsesdato
9.1.2014
Forlag
Samlaget
Antall sider
46