Gå direkte til innholdet
Statsfiende WikiLeaks
Spar

Statsfiende WikiLeaks

Norsk (nynorsk)
Korleis ei gruppe hackarar utfordrar verdas mektigaste nasjonar. Eit eksklusivt innsyn i hackerverda Korleis kunne ei handfull nettaktivistar klare å ramme supermakta USA og andre så hardt? Etter lekkasjar av hemmelege rapportar frå amerikanske ambassadar og dokument om krigen i Afghanistan og Irak har den amerikanske regjeringa erklært WikiLeaks som statsfiende. Under den omstridde frontfiguren Julian Assange har gruppa utfordra USAs sikkerheit og omdøme på det sterkaste. No blir dei forfølgde med alle midlar. Boka tar for seg personen Julian Assange, og kva som har drive han. Forfattarane Holger Stark og Marcel Rosenbach har følgt Assange og andre nettaktivistar i årevis, og også vore sentrale i Der Spiegel med WikiLeaks-avsløringane. Dei gir oss eit første overblikk over fenomenet og utviklinga av WikiLeaks, eit eksklusivt innsyn i hackerverda, og forklarer kvifor statsløyndomar aldri meir er trygge. Boka legg premissane for debatten om det nye ”mediedemokratiet”: Har folk flest rett til å vite statsløyndomar? Er WikiLeaks framtidas undersøkjande journalistikk, eller den farlegaste sida på Internett? Frå tysk ved Guro Sandnes.
Undertittel
Korleis ei gruppe nettaktivistar utfordrar ein av dei mektigaste nasjonane i verda
Oversetter
Guro Sandnes
Opplag
1
ISBN
9788252179767
Språk
Norsk (nynorsk)
Vekt
365 gram
Utgivelsesdato
19.4.2012
Forlag
Samlaget
Antall sider
289