Gå direkte til innholdet
Sprut; historia om kroppsvæskene våre
Spar

Sprut; historia om kroppsvæskene våre

innbundet, 2018
Norsk (nynorsk)
410,-
Veil.pris 450,-
Eit kyss, ein blodprøve og ei tåre blir aldri det same! Bli med på ei spektakulær reise gjennom blod, sveitte og tårer - og 50 andre kroppsvæsker. Biolog og forskingsformidlar Åsmund Husabø Eikenes fortel entusiastisk om donering av beinmerg til forsking og spyttar i eit plastrøyr for å leite etter spor av neandertalarane. Gjennom gode historier og lettlesen folkeopplysing får du eit nytt syn på kroppsvæskene dine. I Sprut møter du mellom andre ein hjerneforskar, ein urolog og ein kokk. Dei deler historier og eigne erfaringar, som saman med det siste frå forskingsverda gir deg oppsiktsvekkjande, ny kunnskap om kroppsvæskene: Vatnet i hjernen vaskar bort søppel medan du søv. Slimet i livmorhalsen hjelper friske sædceller å nå fram til egget. Ørsmå dropar av snørr kan sveve i lufta i heile ti minutt etter eit kraftig nys. Blodet til unge personar inneheld kanskje ei kjelde til evig liv. Dette er populærvitskap på sitt beste. Bli med på ein lesefest med sprut!
Undertittel
Historia om kroppsvæskene våre
Opplag
1 (2018)
ISBN
9788252195576
Språk
Norsk (nynorsk)
Vekt
340 gram
Utgivelsesdato
14.8.2018
Forlag
Samlaget
Antall sider
198