Gå direkte til innholdet
Sovande sorg ; Liti Kersti
Spar

Sovande sorg ; Liti Kersti

Forfatter:
innbundet, 2013
Norsk (nynorsk)
Denne utgjevinga inneheld to av Hulda Garborgs skodespel: Sovande sorg (1900), og Liti Kjersti (1903). Stykka syner at ho var oppteken av ulike dramatiske uttrykksformer og korleis ho vekslar mellom fleire sjangrar; til dømes eventyrspel og realistisk problemdrama. Sovande sorg er eit gripande lagnadspel, som saman med Folk av Sigurd Nesse, vart premiert som beste nynorske skodespel i 1900. Det stutte eventyrspelet Liti Kjersti er eit høgdepunkt i hennes dramatiske produksjon, der ho sameinar nasjonale musikk-, song- og bunadstradisjonar. Hulda Garborg skreiv fleire romanar, dikt, skodespel, artiklar og faktabøker. Ho var særleg opptatt av kvinna si stilling i samfunnet og av den tradisjonelle norske kulturen. Ho var mellom anna engasjert i å verne den norske folkedansen, og dreiv kurs i dette samstundes som ho utvikla drakter ein kunne danse i, inspirert av gamle folkedrakter. I 1910 starta ho Det norske spellaget, som seinare vart til Det Norske Teatret.
Undertittel
Scenetekster :
Forfatter
Hulda Garborg
Opplag
1
ISBN
9788279901600
Språk
Norsk (nynorsk)
Vekt
190 gram
Utgivelsesdato
7.6.2013
Antall sider
110