Gå direkte til innholdet
Småbåtar i Rogaland
Spar

Småbåtar i Rogaland

Forfatter:
innbundet, 2020
Norsk (nynorsk)
Båten har hatt ein sentral plass langs kysten. Så lenge det har budd menneske på øyane og i fjordane har dei vore avhengige av båt. Med tida har det blitt utvikla mange forskjellige båttypar som er spesielle for det området dei høyrer til. Slik er det også i Rogaland, båtane her har særtrekk som ein ikkje finn andre stader. Norske båttradisjonar er grundig dokumenterte og dei fleste tradisjonelle båttypane har fått si eiga bok. Rogaland har vore eit unntak. "Småbåtar i Rogaland" er derfor eit viktig bidrag for å dokumentere og forstå kystkulturen i Rogaland og for å fylle ut tomrommet i den nasjonale dokumentasjonen av båtar og båtbruk. Med utgangspunkt i båten fortel forfattar Svein Langvik om kystkulturen i Rogaland. Han vaks opp i den tradisjonen han skriv om i boka, og gjennom eit langt liv har han hatt eit nært forhold til denne kulturen. Kombinasjonen av tradisjonsberar og teoretikar gir boka både ei fagleg tyngde og eit spanande perspektiv.
Forfatter
Svein Langvik
Opplag
1
ISBN
9788281402621
Språk
Norsk (nynorsk)
Vekt
1001 gram
Utgivelsesdato
4.11.2020
Antall sider
207