Gå direkte til innholdet
Slåttekar i himmelen
Spar

Slåttekar i himmelen

Lytt i appen vår eller last ned
Edvard Hoems oldefar heitte Knut Hansen Nesje, men alle kalla han berre Nesje. Forteljinga i denne romanen begynner utanfor Molde i 1874, der Nesje er slåttekar, og enkemann på andre året, med ein son å ta seg av. Plutseleg dukkar Serianna opp. Ho røyker pipe og får Nesje med på seifiske, og saman finn dei kjærleiken. Snart er dei gift og får barn. Menneska ved Frænfjorden lever eit liv i hardt arbeid, tett på jorden og fjorden. Men ein ny veg er i ferd med å opne seg i desse åra - stadig fleire sel det lille dei eig, og legg ut på den strie og eventyrlege reisa til Amerika. Seriannas søster Gjertine drøymer om å dra, sjølv om ho er berre ungjenta. Det begynner å koma brev frå utvandrarar som fortel om ein frodig, men også ugjestmild prærie som skal bli til gardsbruk og heim. "Slåttekar i himmelen" er ein inspirert roman av forfattaren av "Mors og fars historie". Det er ei forteljing om det nye og det gamle landet, om arbeid, byrgskap og kjærleik, om å vera villig til å satse og gjere store offer.
Forfatter
Edvard Hoem
Oppleser
Edvard Hoem
Opplag
1
ISBN
9788242161734
Språk
Norsk (nynorsk)
Utgivelsesdato
24.11.2014
Tilgjengelige elektroniske format
  • MP3 - i en fil
Spilletid
9tim 28min
Lytt her
  • Adlibris app
  • Datamaskin