Gå direkte til innholdet
Skriftspråkleg mangfald som ressurs i opplæringa
Spar

Skriftspråkleg mangfald som ressurs i opplæringa

Forfatter:
Norsk (nynorsk)
Mange barn og vaksne i norske barnehagar og klasserom har erfaringar frå mange andre skriftsystem enn det latinske alfabetet. Få ei innføring i korleis dette blir ein ressurs i opplæringa.

Som lærar og barnehagelærar er det stor sjanse for at du møter barn, unge og vaksne som har erfaringar frå andre skriftsystem enn det latinske alfabetet vi brukar i Noreg. Det kan vere elevar som har lært å skrive med arabiske bokstavar før dei kom til Noreg, barnehagebarn med russiske foreldre som skriv namnet sitt med kyrilliske bokstavar, eller barn som har lært å skrive med tamilsk skrift på den tamilske laurdagsskulen.

Ein lærar som har kunnskap om skrifterfaringane til eleven, kan lettare hjelpe eleven til å bygge bru til det norske alfabetiske skriftsystemet. Denne boka gir nettopp det: Grunnleggande kunnskap om skriftsystema og gode råd for korleis arbeid med skriftsystem og synleggjering av den skriftspråklege kompetansen i klassen kan styrke det metaspråklege medvitet hos alle elevane i klassen.

Forfattaren gir mange døme på skriftspråkslæringa til skuleelevar, barnehagebarn og deltakarar i vaksenopplæring og på gode undervisningsopplegg. Både lærarar og lærarstudentar vil ha stor nytte av denne boka.

Edit Bugge er førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen på Vestlandet. Der underviser ho i lærarutdanninga og i barnehagelærarutdanninga, og ho er knytt til forskingssenteret BARNkunne. Ho har skrive ei rekkje vitskaplege artiklar om barns språktileigning og om språkleg variasjon og endring.
Undertittel
Ei kort innføring
Forfatter
Edit Bugge
Opplag
1
ISBN
9788215034928
Språk
Norsk (nynorsk)
Vekt
131 gram
Utgivelsesdato
22.10.2019
Antall sider
77