Gå direkte til innholdet
Sjonglering og bjugnlering
Spar

Sjonglering og bjugnlering

Norsk (nynorsk)
Frå tidleg i 1970-åra markerte Sissel Solbjørg Bjugn seg med djupt originale og intellektuelt språkleikande tekstar. Det har knapt komme noko frå Bjugn si hand som ikkje er eigenarta, ja beintfram avstikkande. Ho eksperimenterte med montasjar, typografiske figurdikt og tekstar der ho uredd fletta inn sine eigne sofistikerte blyantteikningar. Ho blei ein fornyar av den norske surrealismen gjennom sprelsk og uhøgtideleg omgang med tradisjonell og modernistisk poesi. For debutsamlinga «Den første avisa på Lofotveggen» (1978) fekk ho Tarjei Vesaas' debutantpris. Bjugns tekstar er ofte eg-sentrerte, med markant intellektuelle drag og flittig bruk av ekte og mindre eksakte sitat og allusjonar - frå bibelske, litteraturteoretiske og filosofiske tekstar til slager- og rocketekstar. I denne boka er dei seks bøkene ho gav ut for vaksne, samla: Den første avisa på «Lofotveggen» (1978), «Spenn beltet kring livet og hald lampa tend!» (1981), «Den magre narsissisten» (1984), «Bye, bye» (1989), «Tornekysset» (1992) og «Depp» (1999). Forord ved Einar Økland.
Undertittel
Dikt og tekstar i samling 1972-1999
Opplag
1
ISBN
9788252180862
Språk
Norsk (nynorsk)
Vekt
984 gram
Utgivelsesdato
11.10.2018
Forlag
Samlaget
Antall sider
464