Gå direkte til innholdet
Siste båt går i kveld
Spar

Siste båt går i kveld

Forfatter:
innbundet, 2024
Norsk (nynorsk)
Medlidenhet med folket er ikke på sin plass
(Avslutningsorda då Hitler gav ordre om å utslette Finnmark og Nord-Troms)
 
Siste båt går i kveld tek oss med til 71° N, til Måsøy ytst på Vest- Finnmarkskysten der folk er vant til harde livsvilkår. Her treffer vi aleinemora Vilja og dottera Ravna. Dei bur i idylliske, men vêrharde Sjøbukta som ligg eit stykke frå bygda.
 
Vi følger dei då bygda brenner ned i november 1944, og blir med dei saman med andre tvangsevakuerte sørover mot Tromsø.
 
Saman med dei opplever vi det vanskelege livet som flyktningar i eige land.
Etterpå – når krigen er slutt vil alle heim igjen. Slitet med å bygge nytt liv etter katastrofen startar – også for Vilja. Med pågangsmot og samhald vert samfunnet gradvis gjenoppbygd.
 
Korleis bygge eit nytt liv ut av ingenting?
 
Kven er Vilja når krigen er slutt og ho møter den raserte heimplassen? Og kva med Ravna?
 
Tordis Lunde (1948) er fødd og oppvaksen på Måsøy i Vest-Finnmark. Ho er utdanna adjunkt med faga spesialpedagogikk, kosthald og helse i tillegg til norsk som andrespråk. Ho har jobba som lærar og rektor på barnetrinnet og som lærar/avdelingsleiar
i vaksenopplæringa med norsk for innvandrarar. Ho er no pensjonist og bur i Øygarden kommune.
 
Tidligare utgitt:
Livslang kamp, en krigsseiler forteller (2009)
Når Ramnen skrik (2021)
Forfatter
Tordis Lunde
Opplag
1
ISBN
9788230027448
Språk
Norsk (nynorsk)
Vekt
501 gram
Utgivelsesdato
15.10.2024
Forlag
Kolofon
Antall sider
251