Gå direkte til innholdet
Robotsand
Spar

Robotsand

innbundet, 2021
Norsk (nynorsk)
Ein poetisk kviskreleik Dokka, både som leike og bilde, som representasjon for menneskeleg liv, er det fascinerande og tankevekkande utgangspunktet for Åsa Maria Krafts diktsamling Robotsand. Her høyrer vi stemmene frå padledokker - gravgåver i det gamle Egypt - og dokkene på øya Isla de las Munecas som er hengde opp i tre til minne om tapte barn. Vi møter også heimesnikra hundar plasserte i rundkøyringar og Hypsiphrone frå dei gnostiske skriftene. Robotsand er engasjerande, open og leikande, og dikta blir som eit kjedebrev eller ein kviskreleik gjennom tida, der lesaren sjølv tar del i lyttearbeidet. Boka er gjendikta av Martin Ingebrigtsen. Den svenske poeten Åsa Maria Kraft (f. 1965) debuterte i 1997 med 4 påhitt. Bøkene hennar beveger seg i grenselandet mellom poesi og prosa, og ho har mottatt fleire prisar for forfattarskapen sin. Med Robotsand frå 2018 blir Kraft for første gong utgitt på norsk.
Undertittel
Dikt
Opplag
1
ISBN
9788234002243
Språk
Norsk (nynorsk)
Vekt
345 gram
Utgivelsesdato
20.10.2021
Forlag
Samlaget
Antall sider
120