Gå direkte til innholdet
Religionskritikk på norsk
Spar

Religionskritikk på norsk

Norsk (nynorsk)
Eit bidrag til ein samtale om religion Denne boka kan lesast som eit historisk oversyn, men ho er også meint å vere eit bidrag til samtale om religionskritiske utfordringar i den norske konteksten - på tvers av tru og livssyn. Forfattaren rullar opp religionskritikken i Norge, frå det moderne gjennombrotet og fram til dagens religionskritiske debattar. Han identifiserer sentrale arenaer og aktørar, og viser korleis religionskritikken har skifta fokus frå kristendoms- til islamkritikk. Boka er også systematiserande og forfattaren skil mellom tre hovudformer for religionskritikk: intellektuell, moralsk/politisk og eksistensiell. Den andre hovuddelen av boka er konsentrert om humanismen, og forfattaren gjer seg til talsmann for såkalla «kjempande humanisme», ein humanisme som går i klinsj med autoritære og antihumane rørsler og også utfordrar religionane når det er nødvendig. Boka gir også eksempel på religionskritikk i praksis - relatert til Bibelen og Koranen.
Undertittel
Kjempande humanisme
Opplag
1
ISBN
9788253043586
Språk
Norsk (nynorsk)
Vekt
243 gram
Utgivelsesdato
26.10.2022
Forlag
Pax
Antall sider
187