Gå direkte til innholdet
På liv og død; distriktsjordmødrenes historie
Spar

På liv og død; distriktsjordmødrenes historie

Forfatter:
innbundet, 2016
Norsk (nynorsk)
Imponerande verk om norske distriktsjordmødrer Ikkje nokon augneblink i menneskelivet er så kritisk som fødselen. Til alle tider har kvinner hjelpt kvarandre når barn kom til verda. Men etter kvart som legevitskapen vaks fram i Europa, vart denne hjelperolla profesjonalisert, og jordmødrene utdanna som medisinske handverkarar. Jordmoryrket var det første formelle yrket som var ope for kvinner i Noreg. Jordmorskulen var den første utdanninga for kvinner, og jordmødrene var dei første offentleg tilsette kvinnene i landet. Over meir enn hundre år var jordmødrene dei næraste helsearbeidarane for folk i norske bygder. Dette er den første samla framstillinga av distriktsjordmødrene si historie i Noreg, frå amtmannen i dagens Møre og Romsdal i 1784 fekk i stand eit ordna jordmorvesen på landsbygda, og til kommunehelselova i 1984 ikkje lenger kravde at kommunane skulle tilsetje jordmor. Lesaren blir kjend med mange historiske jordmødrer, og følgjer dei tett i deira strevsame tilvere og strabasiøse yrke. Samstundes er dette òg ei forteljing om det norske samfunnet si utrulege utvikling gjennom dei siste 200 åra.
Undertittel
Distriktsjordmødrenes historie
Forfatter
Aud Farstad
Opplag
1 (2016)
ISBN
9788252184976
Språk
Norsk (nynorsk)
Vekt
1078 gram
Utgivelsesdato
3.5.2016
Forlag
Samlaget
Antall sider
429