Gå direkte til innholdet
& me skal bli omskapte
Spar

& me skal bli omskapte

innbundet, 2013
Norsk (nynorsk)
Under ein luftballong, i ein butikkvegg i Covent Garden, ligg det eit brev til Jakob Hov. Han er chocolatier i Paris og arveprins i familieverksemda, men når gamalonkelen hans døyr, lyt han til London og ta imot ein arv han ikkje har bedt om. Der treffer han Lucy, tremenningen han nesten hadde gløymt, men som slett ikkje har gløymt han. Og så er det Grace, som bur på loftet over butikken, utan at nokon heilt veit kven ho er. På nokre dagar blir alt snudd på hovudet, og Jakob finn ut at det ikkje berre er dei levande som har sterke meiningar om kva han bør gjera med livet sitt. & me skal bli omskapte er forteljinga om vestlendingen Jakob og sjokoladebutikken han startar i London. Det er ei forteljing om familieband med lange skuggar, kjærleik som råkar hardt, og den vanskelege kampen for å få bestemma over sitt eige liv.
Undertittel
Roman
Opplag
1
ISBN
9788252181487
Språk
Norsk (nynorsk)
Vekt
496 gram
Utgivelsesdato
26.9.2013
Forlag
Samlaget
Antall sider
303