Gå direkte til innholdet
Norwegerstraße
Norwegerstraße
Spar

Norwegerstraße

Les i appen vår eller last ned
Ei original og kunnskapsrik reiseskildring. På ein rusletur gjennom Berlin går Jørgen Norheim og Alexander Häusser og undrar seg over alle dei norske gatenamna i byen. Gudvanger Straße, Nansenstraße og Frithjofstraße, dei finn namn henta frå historiske personar og stader så vel som frå mytar. Dei to kameratane bestemmer seg like godt for å dra til stadene i Noreg der namna kjem frå. På turen følgjer dei Ivar Aasens metode ved å ta inn hos gamle kjenningar. For Jørgen blir turen på den måten òg ei reise tilbake til ungdomstida. Alexander har sin eigen motivasjon for å reise. Far hans var i Noreg som ung soldat under krigen. Han drøymde om å dra tilbake, men rakk det ikkje før han døydde. No vil Alexander prøve å finne ut kva det var med Noreg som gjorde at faren hadde ein så sterk lengt dit. «Norwegerstraße» er både ei reiseskildring og ei mentalitets- og kulturhistorie, full av overraskande sprang undervegs.
Undertittel
Frå Berlin til Stalheim via Nordkapp
Opplag
1
ISBN
9788252197846
Språk
Norsk (nynorsk)
Utgivelsesdato
11.10.2019
Forlag
Samlaget
Tilgjengelige elektroniske format
  • Epub - vannmerket
Antall sider
184
Les e-boka her
  • Adlibris app
  • Lesebrett
  • Datamaskin