Gå direkte til innholdet
Norske innsjønamn IV
Spar

Norske innsjønamn IV

Forfatter:
innbundet, 2011
Norsk (nynorsk)
Alle veit at Telemark har ein mangslungen og vakker natur. Dette fylket blir somtid omtala som ei mindre utgåve av sjølve Noreg. Ikkje minst set dei mange tjønnene, vatna og sjøane tydelege merke på natur og landslag. Dette er ei bok om innsjøane i Telemark . om dei store: Nisser, Norsjø, Fyresvatn, Tinnsjøen, Møsvatn osv. . om dei mellomstore: Gjuvsjå, Hoseidvannet, Kjørull, Langesæ osv. og om dei småe, som gjerne heiter noko på -tjønn, men òg kan by på eit så samansett namn som Røysjåvatn. Anten vassamlingane er store, mellomstore eller småe, er det namna deira som står i sentrum for interessa her. Såleis er det ei bok om naturnamn. I den fyrste bolken er det eit innleiande oversyn over heile emnet, men det meste av framstellinga gjeld dei einskilde namna i alfabetisk rekkje. Boka er nummer fire i ein serie om innsjønamn i fylka våre. Før har det kome ut bøker om Oppland, Buskerud og Hedmark. Forfattaren Kjell Venås er professor emeritus i nordisk språkvitskap frå Universitetet i Oslo. Han har òg skrive bandet om Hedmark og mykje anna om norsk mål.
Undertittel
Telemark fylke
Forfatter
Kjell Venås
Opplag
1
ISBN
9788270993499
Språk
Norsk (nynorsk)
Vekt
446 gram
Utgivelsesdato
10.5.2011
Forlag
Novus
Antall sider
480