Gå direkte til innholdet
Neon 10
Spar

Neon 10

innbundet, 2008
Norsk (nynorsk)
Serie: Neon
Neon er eit læreverk i norsk for 8.-10. trinn. Verket tek vare på den litterære tradisjonen, men legg også stor vekt på moderne litteratur og samansette tekstar. Tekstutvalet er friskt og designen moderne og inspirerande. Verket byggjer på ei gjennomgåande differensiering, både i tekstane og oppgåvene, og legg dermed godt til rette for ei tilpassa undervisning. I Neon 10 Tekstsamling møter elevane tekstar og bilete som på ulike måtar kastar lys over kvardagen deira. Utvalet av skjønnlitteratur og sakprosa er rikt og variert, og den tematiske inndelinga samsvarer med perspektivet læreplanen har på litteratur. Sjangerutvalet er breitt og spenner frå trygge og kjende tekstar til meir utfordrande, samansette uttrykk. Samtidslitteraturen får spegle seg i den litterære tradisjonen, og nyare tekstar blir bundne saman med eldre. Slik blir det bygd bruer mellom eldre og nyare teksthistorie, og det blir opna opp for ei djupare forståing av tekstane. Oppgåvene er varierte og gir stort rom for tilpassa opplæring. Tydelege symbol viser kva ferdigheiter elevane skal arbeide med i dei ulike oppgåvene.
Undertittel
Tekstsamling : norsk for ungdomstrinnet
Opplag
1
ISBN
9788252171679
Språk
Norsk (nynorsk)
Vekt
840 gram
Serie
Neon
Utgivelsesdato
13.6.2008
Forlag
Samlaget
Antall sider
254