
Naustlandet
Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth bestemte seg for å reise langs heile norskekysten for å finne ut korleis det eigentleg står til med nausta våre, og på vegen fann dei både forfall, håp, og ein overraskande mangfaldig og rik tradisjon.
Nausta står tett på havet og byggeskikken er forma av naturen rundt dei. Nokre naust klorer seg fast på vêrharde nes, andre ligg fredelege som trygge hamner inst i ein fjord. Nokre går i eitt med landskapet, som dei sjøsamiske naustgammene, andre står som små fyrtårn i landskapet til minne om ei anna tid.
Gjennom tekst og bilete dokumenterer dei den utsette og ofte nedproiriterte delen av kulturhistoria vår for ettertida, men vi får òg møte eldsjeler som går føre med gode eksempel på korleis naust kan bergast gjennom restaurering og vern.
Naustlandet er den nyaste i rekkja av bøker som dokumenterer verdfulle bygningstradisjonar i Noreg, etter suksessane Norges låver, Av stein, Klyngetunet og Vestlandshus.
- Forfatter
- Eva Røyrane
- Fotograf
- Oddleiv Apneseth
- Opplag
- 1
- ISBN
- 9788279594055
- Språk
- Norsk (nynorsk)
- Vekt
- 1720 gram
- Utgivelsesdato
- 3.11.2025
- Forlag
- Skald
- Antall sider
- 451
