Gå direkte til innholdet
Målreising og morsmålsdokumentasjon
Spar

Målreising og morsmålsdokumentasjon

innbundet, 2017
Norsk (bokmål)
Oddrun Grønvik, tidlegare hovudredaktør i Norsk Ordbok, fyllte sytti år den 18. august 2017. Ho har vore ei av dei mest sentrale kreftene bak den fornyingsprosessen Norsk Ordbok gjekk igjennom frå tusenårsskiftet av. Dette festskriftet er ganske fagtungt, men ikkje berre. Det består av tre hovuddelar: Den første delen er personleg. Innleiingsartikkelen handlar om personen Oddrun, ført i pennen av broren Gunnvald Grønvik. Deretter får vi kortare oversikter over innsatsen hennar i målrørsla og i Språkrådet. Den andre delen består av fem artiklar om dei store vitskaplege prosjekta Oddrun har vigd yrkeslivet sitt til frå 1987 til 2017. I sentrum står Norsk Ordbok og digitaliseringa av den, men vi får også ein artikkel om dei afrikanske språkdokumentasjonsprosjekta Oddrun har vore engasjert i (særleg i Zimbabwe). Den siste delen består av mindre fagartiklar der tidlegare kollegaer av Oddrun gir smakebitar av det mylderet av småprosjekt som eit slikt omfattande ordboksarbeid inneber. Til slutt tar vi med ei vurdering av ordboks- og arkivarbeid i forhold til vitskaplege kvalifikasjonar, og ein bibliografi over dei vitskaplege og populærvitskaplege arbeida til Oddrun.
Undertittel
Heidersskrift til Oddrun Grønvik ved 70-årsleitet
Opplag
1
ISBN
9788270998890
Språk
Norsk (bokmål)
Vekt
773 gram
Utgivelsesdato
20.12.2017
Forlag
Novus
Antall sider
282