Gå direkte til innholdet
Landslova av 1274
Spar

Landslova av 1274

innbundet, 2023
Norsk (bokmål)
Kong Magnus Lagabøters landslov av 1274 er eit storverk i norsk og europeisk rettshistorie. Ho var den fyrste riksdekkjande lovboka i Noreg, og éi av fire riksdekkjande lovverk i europeisk mellomalder. Landslova var vidare ein del av eit omfattande lovgjevingsprosjekt som òg inkluderte Bylova av 1276, Hirdskrå frå 1270-talet og den islandske lovboka Jónsbók av 1281. Enno viktigare er at ho vart nytta, noko ein kan sjå av bevart rettspraksis frå både mellomalderen og 1500- og 1600-talet. Nesten ein firedel av alle bevarte manuskript på norrønt fram til 1350 inneheld Landslova. I denne boka vert difor Landslova, saman med Bylova og Sauebrevet for Færøyane, utforska. Mange av våre fremste mellomalderforskarar har valt seg ein regel som dei brukar som utgangspunkt for å utforska rett, politikk og samfunn. Samla vert det i boka teikna eit breitt og fargerikt bilete av norsk mellomalder.
Undertittel
Rett, politikk og samfunn i norsk mellomalder
Opplag
1
ISBN
9788282656610
Språk
Norsk (bokmål)
Vekt
919 gram
Utgivelsesdato
11.5.2023
Antall sider
313