Gå direkte til innholdet
Kongen, lova og landet
Kongen, lova og landet
Spar

Kongen, lova og landet

Norsk (nynorsk)
Les i appen vår eller last ned
Eigentleg skulle han ikkje bli konge. Storebror hans skulle overta trona etter kong Håkon 4., medan den unge prins Magnus vart utdanna hos dei fattige fransiskanarmunkane. Då han likevel vart krona som kong Magnus 6. i 1261, vart han den einaste kongen i norsk mellomalder som ikkje førte krig. I staden skapte han Landslova, som vart ein grunnstein i norsk politikk, rett og samfunn. Han vart heller ikkje grav lagt saman med andre norske kongar, men hos munkane i fransiskanarklosteret der han gjekk i skule. Kong Magnus 6. er ein av dei mest fasinerande norske kongane. Han levde i eit spanande hundreår, der Norge utvikla seg i stor fart og fekk - som eit av få land i Europa - ei lovbok som vart nytta i heile landet. I dag er han difor kjent som Magnus Lagabøter. Magnus Lagabøter er likevel kanskje den av dei norske mellomalderkongane vi veit minst om. Med Kongen, lova og landet har Jørn Øyrehagen Sunde skrive eit formidabelt verk. Med stor kunnskap og suveren formidlingsevne skriv han fram ein mann og ei tid som er overraskande attkjenneleg og moderne, internasjonalt orientert og jordnær på same tid.
Opplag
1
ISBN
9788272018190
Språk
Norsk (nynorsk)
Utgivelsesdato
1.11.2023
Forlag
Kagge
Tilgjengelige elektroniske format
  • Epub - vannmerket
Antall sider
283
Les e-boka her
  • Adlibris app
  • Lesebrett
  • Datamaskin