Gå direkte til innholdet
Kobbs hus
Kobbs hus
Spar

Kobbs hus

Norsk (nynorsk)
Alder: 9-12 år
Les i appen vår eller last ned
På ei øy så vidt synleg frå land står eit stort og merkeleg hus. Eigaren er den heilsprø skattejegeren Billy Kobb, som ingen har sett på ei æve. Det kjem likevel lydar frå øya, nifse brøl som ikkje lar seg forklare. Dei siste som drog ut dit, kom ikkje tilbake. Øya er farleg. Når Ask og vennene Iris og Eik likevel ror ut til Kobbs hus midt på natta, er det ikkje fordi dei har spesielt lyst. Gjengen skal hjelpe Daniela, ei mystisk jente som dukka opp i starten av sommarferien. Ho har eit oppdrag på øya. Det skal vise seg at eit besøk i Kobbs hus er både rarare, artigare og endå meir livsfarleg enn nokon av dei kunne ha førestilt seg. Kobbs hus er ei sprø og spanande hyllest til skattejakt, nær-døden-opplevingar, honninggrevlingar og sinte isbjørnar. Ikkje minst er det ei historie om fire gode venner som tør å dra på eventyr, sjølv om dei veit betre. Boka er illustrert av Ketil Selnes.
Undertittel
Roman
Illustratør
Ketil Selnes
Alder
9-12 år
Opplag
1
ISBN
9788234012976
Språk
Norsk (nynorsk)
Utgivelsesdato
14.10.2024
Forlag
Samlaget
Tilgjengelige elektroniske format
  • Epub - vannmerket
Antall sider
149
Les e-boka her
  • Adlibris app
  • Lesebrett
  • Datamaskin