Gå direkte til innholdet
Klippfiskboka
Spar

Klippfiskboka

Klippfiskboka tek deg med på ei spanande historisk og kulinarisk reise. I den første delen får vi servert klippfiskens kulturhistorie. Om korleis salta og tørka torsk gjennom hundreåra har vorte ein delikatesse for så mange, spesielt katolikkar som kunne ete fisk i fastetida. Tidleg ute med klippfisk var portugisarane. Først på 1700-talet tok ein til med klippfiskproduksjon i Noreg, og då på Nordmøre. Kristiansund vart klippfiskhovud.staden, ei rolle Ålesund tok over midt på 1900-talet. I våre dagar er Noreg verdas største klippfiskprodusent, og 80 % av eksporten går til Portugal. I den andre delen av boka får lesarane servert klippfisk, både i form av gode oppskrifter, lekre bilete og i ei lita lærebok om sjølve matlaginga. Oppskriftene kjem frå fem land: Noreg, Portugal, Spania, Den dominikanske republikk og Brasil. Boka er utgjeven i samarbeid med Høgskulen i Volda.
Undertittel
Maten og historia
Opplag
1
ISBN
9788282401197
Språk
Norsk (nynorsk)
Vekt
922 gram
Utgivelsesdato
23.8.2017
Antall sider
200