Gå direkte til innholdet
Kjære søster
Kjære søster
Spar

Kjære søster

Norsk (nynorsk)
Alder: 12-15 år
Les i app eller last ned

Når eit ungt menneske døyr i dag, står gjerne Facebook-veggen igjen etter det. I mange tilfelle lever veggen vidare, som ein stad der slekt og vener vender seg direkte til den avdøde. Profilen blir ei minnebok, men også ei slags forlenging av livet.

Då Amalie døyr tar storesøstera Eli Anne over administrasjonen av Facebook-profilen hennar. Nokre månader seinare vil Eli Anne legge profilen ned – ta ein endeleg avskjed. Ho har allereie fjerna alle venene til Amalie, men kvir seg for å ta det siste steget. Eli Anne skriv på veggen til Amalie og ser attende på forholdet mellom dei – på endringar av status, på løgner og sjalusi, men også på kjærleiken mellom to søstrer. Det var så mykje ho aldri fekk sagt mens Amalie levde. Kjære søster, skriv Eli Anne på Amalies Facebook-vegg. Ho vil ikkje ha noko uoppgjort når ho legg profilen ned og tek endeleg farvel.

Romanen Kjære søster er ei forteljing som rommar både sorg, anger og skam – men også glede, livskraft og håp. Det er også ein roman om musikk, der ulike musikksjangrar og ulike kunstsyn får bryne seg mot kvarandre.

Alder
12-15 år
Opplag
1
ISBN
9788202436667
Språk
Norsk (nynorsk)
Utgivelsesdato
4.2.2015
Tilgjengelige elektroniske format
  • Epub - vannmerket
Antall sider
95
Les e-boka her
  • App
  • Lesebrett
  • Datamaskin