Gå direkte til innholdet
Grip 1 samfunnsfag og naturfag
Spar

Grip 1 samfunnsfag og naturfag

Grip er eit læreverk for vaksne innvandrarar som får opplæring i samfunnsfag, naturfag og matematikk på grunnleggjande nivå. Verket dekkjer kompetansemåla etter 2., 4., 7. og 10. trinn i læreplanane etter Kunnskapsløftet. Grip fokuserer på å presentere fagstoff på ein enkel måte. Språket er tilpassa vaksne deltakarar med lite skulebakgrunn frå heimlandet. Det visuelle uttrykket er ryddig og enkelt, med variert bruk av foto og teikningar. Grip 1 Samfunnsfag og naturfag gir deltakarane basiskunnskapar i dei to faga og dekkjer kompetansemåla etter 2. og 4. trinn i læreplanane. Boka er tydeleg delt i to og er enkel å orientere seg i. Døme på emne i samfunnsfag: geografi i Noreg og verda, steinalder, bronsealder, jernalder, familieformer, kulturkonfliktar, styresett i Noreg. Døme på emne i naturfag: mangfald i naturen, kropp og helse, verdsrommet, vatn, vêr, naturkrefter. I den trykte arbeidsboka finn du eit stort utval av arbeidsoppgåver knytt til grunnboka. Du finn òg fleire oppgåver på lærarressursen.
Undertittel
Arbeidsbok
Illustratør
Alicja Gapin´ska
Opplag
1
ISBN
9788211028563
Språk
Norsk (nynorsk)
Vekt
787 gram
Utgivelsesdato
26.9.2018
Antall sider
244