Gå direkte til innholdet
Frå løynde kjelder
Spar

Frå løynde kjelder

Forfatter:
Norsk (nynorsk)
Den gode stilla / mellom menneske / er lik tre som veks tett saman / i djupe, gåtefulle skogar. Frå løynde kjelder er ei poetisk vandring, mangfaldig som naturen sine eigne tråkk; ei rørsle i litterære og musikalske fotefar, i mystikken . dei djupe religiøse draga . og tett på nedarva folkeleg visdom. Samlinga skodar òg naturen sjølv; storleiken og dei vakre detaljane. Dikta formidlar ein takk for kjeldene langs livsvegen vår, skattar som alt er nær oss. Med musikalitet og inderleg formidlingsvilje står lyrikken fram som var det Olav H. Hauge, Hans Børli eller Johan Falkberget sjølv som held i diktarhanda. Ein gjestar landskap der Jaqueline de Pré, Arvo Pärt og Joseph Haydn tonar i strofene. Eiliv Grue (f. 1934) kjem frå Os i Østerdalen og bur no på Røros. Frå løynde kjelder er den første diktsamlinga hans, men ikkje første bok; Grue har særleg arbeidd med diktinga til Johan Falkberget og står bak fleire bøker om forfattarskapen hans.
Undertittel
Dikt
Forfatter
Eiliv Grue
Opplag
1
ISBN
9788292922743
Språk
Norsk (nynorsk)
Vekt
135 gram
Utgivelsesdato
18.6.2021
Antall sider
85