Gå direkte til innholdet
Felâtun bey og Râkim efendi
Spar

Felâtun bey og Râkim efendi

Forfatter:
Norsk (nynorsk)
«Felâtun bey og Râkim efendi» (1875) er eit av dei mest kjende verka til den folkekjære tyrkiske forfattaren Ahmet Mithat. Det er ein samtidsroman frå Det osmanske riket, skriven i ein periode prega av vestleggjering. Romanen kan både lesast som ein parodi på feilslått europeisering og som eit bidrag til å setje tradisjonelle samfunnsordningar under debatt. For å balansere impulsane frå aust og vest, skaper forfattaren to parallellfigurar. Felâtun bey, den europeiserte snobben, lever eit dekadent liv, med alvorlege følgjer. Motspelaren Râkim efendi representerer tradisjonelle, muslimske verdiar og arbeidsmoral. Stilistisk kombinerer Ahmet Mithat impulsar frå populære europeiske føljetong-romanar med ironien i den orientalske forteljartradisjonen og skuggeteateret. Romanen er også eit interessant tidsdokument som gir lesaren eit unikt innblikk i Istanbul på slutten av 1800-talet.Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.
Forfatter
Ahmet Mithat
Opplag
1
ISBN
9788279593102
Språk
Norsk (nynorsk)
Vekt
270 gram
Utgivelsesdato
23.6.2020
Forlag
Skald
Antall sider
217