Gå direkte til innholdet

Mammutsalg - Fohåndsbestill nå​ »

Til startsiden
Søk etter din neste leseopplevelse
Fair Isle-strikk; genserar, luer og vottar med fargar frå naturen
Spar

Fair Isle-strikk; genserar, luer og vottar med fargar frå naturen

innbundet, Norsk (nynorsk), 2024
Forfatter:
Mønsterstrikk frå Shetland. Fair Isle-strikking er tradisjonell og vakker fleirfargestrikking frå Shetlandsøyane med mønsterbordar i ullgarn. Fargane i mønstera er naturnære og hentar inspirasjon frå det karrige landskapet og det særmerkte lyset på Shetland. Typisk for strikketeknikken er at fargar blandar seg i bordane og står fram på nye og uvanleg vakre måtar. Teknikken er enkel; det vanskelege er å blande fargar og nyansar som gjer at mønstera står fram. Boka gir deg inspirasjon og innføring i korleis du kan bruke og kombinere fargar, men også historikk om Fair Isle-strikking. Dessutan inneheld boka oppskrifter på genserar, luer, halsar, vottar og vesker og innføring i strikketeknikkar. I mønsterbiblioteket finn du Fair Islemønster til dine eigne prosjekt. Frå svensk ved Aud Søyland. Carina Olsson er tekstilkunstnar og kurshaldar med Instagram-kontoane @kallmink og @cariknit. Ho er ein av dei fremste ekspertane i Sverige på Fair Isle-strikking og har gjeve ut ei rekkje bøker på handarbeidsfeltet. Ho har ei uvanleg evne til å fange fargane i naturen ved hjelp av nyansane i garnet frå Shetland. Ho strikkar ofte meir tradisjonelle mønster, men blir samtidig inspirert til nye kombinasjonar.
  • Undertittel:
    Genserar, luer og vottar med fargar frå naturen
  • Forfatter: Carina Olsson
  • Oversetter: Aud Søyland
  • Opplag: 1
  • ISBN: 9788234012341
  • Språk: Norsk (nynorsk)
  • Vekt: 753 gram
  • Utgitt: 4.1.2024
  • Forlag: Samlaget
  • Antall sider: 175