Gå direkte til innholdet
Evig ekko blant stjernene
Spar

Evig ekko blant stjernene

Forfatter:
innbundet, 2025
Norsk (nynorsk)
Ein oppvekst med dårleg kommunikasjon? Eller ligg det meir bakom: Neglekt og psykisk vald?Dikta skildrar generasjonstraume -og reisa for å skape tilheling og eit liv i verdigheit.Ei livshistorie i diktform.Og kunsten å overleve berre på smular...Diktsamlinga skildrar ei ung jente sin oppvekst prega av omsorgssvikt og psykisk vald. Gjennom dikta set ho ord på kjenslene ho har kring den vanskelege oppveksten: Ho skriv om mangel på kjærleik frå foreldra, vanskane med å elske seg sjølv og kjenne seg verdifull, og ser sjølv på oppveksten sin som ein kjærleik til foreldra som ikkje vert gjengjeldt. Boka inneheld 123 dikt skrivne i eit tidsspenn på vél 30 år. Boka er inndelt i kapittel etter livsepokane ho går gjennom, og viser modningsprosessen ho har frå ungdom til vaksen. I kapittelet middelalder skildrar ho kjenslene kring tilhelingsprosessen etter årevis med psykisk vald, og blottlegg følelseslivet sitt kring etterverknadane av valden. Det er ei sterk historie om kjærleik på vilkår, svik og smerte. Likevel greier dikta med varme for lesaren og menneske i liknande livssituasjonar å formidle framtidstru og håp, og med kjærleik peikar den ut ein veg ut av valden.
Undertittel
Om å reise seg etter overgrep. Ei livshistorie i diktform : prosadikt
Forfatter
June Evanger
Illustratør
June Evanger
Opplag
1
ISBN
9788293873044
Språk
Norsk (nynorsk)
Vekt
510 gram
Utgivelsesdato
22.4.2025
Antall sider
194