Gå direkte til innholdet
Eva
Spar

Eva

Forfatter:
innbundet, 2021
Norsk (nynorsk)
Haldor er ein eksentrikar i førtiåra, busett på heimplassen i Purkvika på Innherred. Eit mobbeoffer som lengtar tilbake til den trygge gamle tida da mora og faren levde og dreiv småbruket han framleis eig. Så, ein dag i 2004 dukkar ein bykar opp og snakkar frampå om hytteutbygging i 'paradiset' ved fjorden og lakseelva. Ikkje lenge etter kjem òg ei vakker ung kvinne, Eva, til Purkvika, og gjer Haldor yr og kjær. Med eit skarpt blikk for situasjonar og lagnader, i eit fargerikt, dialektprega nynorsk, teiknar den prisløna forfattaren Torvald Sund eit kulturbilete av ei omskifteleg samtid på den norske landsbygda, der pengar og grådigheit øydelegg verdiar og tradisjonar, og til slutt førar ut i elendet. Men som alltid hos forfattaren: Sjølv midt i alvoret er ikke skratten langt unna.
Forfatter
Torvald Sund
Opplag
1
ISBN
9788283240412
Språk
Norsk (nynorsk)
Vekt
470 gram
Utgivelsesdato
22.6.2021
Antall sider
302