
Eigedomsteori
Eigedomsrett til fast eigedom – jord, skog, fjell og vatn – er kjernen i denne boka. Men for å skjøne breidda i eigedomsinstitusjonen er det verd å hugse at eigedom eksisterer der vi finn legitime reglar for konkret tileigning av ein del av røyndomen. I moderne tid har tanken om individuell eigedomsrett blitt freista utvida med til dømes retten til å ut øve ein profesjon. Slike diskusjonar illustrerer korleis måten ein tenkjer om individuelle rettar og plikter på, vert ein sentral del av eigedomsinstitusjonen.
I eigedomsfaget treng vi teoritilfang frå dei ulike samfunnsvitskapelege fagområda for å forstå eigedomsretten og eigedomsforholda, og for å kunne handle fornuftig som profesjonelle fagpersonar. I boka koplar vi eigedomsteorien til jordskifte, grunnerverv og arealplanlegging. Det er lagt stor vekt på å presentere og drøfte viktige omgrep og samanhengar mellom omgrep. Boka er relevant for dei som studerer eigedomsfag.
- Undertittel
- Innføring i eit samfunnsvitskapeleg teoritilfang for utøving av eigedomsfag
- Forfatter
- Hans Sevatdal, Per Kåre Sky, Erling Berge, Terje Holsen
- Opplag
- 1
- ISBN
- 9788293816805
- Språk
- Norsk (nynorsk)
- Vekt
- 536 gram
- Utgivelsesdato
- 6.2.2025
- Forlag
- Karnov Group
- Antall sider
- 194
