
Dropshjarte
Dropshjarte er ei forteljing om familieband og vennskap, kjærleik og hat, sex, kristendom og djevelskap, medynksdrap, færøyske nazisympatisørar, sandsuging og sledehundmassakre i Grønland, ei okkult Forbannarsekt, eit bombeattentat mot Lagtinget, ei skipsulykke, rabbinarbesøk i bygda Sumba, berserkgang i Klaksvík – og eit møte med Den vonde sjølv.
Omdreiingspunktet i forteljinga er forfattaren Eigil Tvibur som har genar frå både Brahmadell- og Tviburslekta. Eigil er valdtektsbarn, unnfanga da broren til farfaren hans valdtok niesa si i eit fjøs i Sumba, og han kjempar ein stadig kamp for å forsone seg med seg sjølv og med sitt opphav. Han har på same tid eit ømt og eit brutalt sinn – og eit temperament som innimellom bringer han opp i trøbbel.
Jóanes Nielsen er ein færøysk forfattar. Han debuterte i 1978 med diktsamlinga Den trettande månaden (Trettandi mánaðin), og har sidan skrive ti diktsamlingar, fem romanar, tre skodespel, to essaysamlingar og en novellesamling. Dropshjarte er andre bind i tetralogien Ei nordatlantisk krønike.
- Forfatter
- Jóanes Nielsen
- Oversetter
- Lars Moa
- Opplag
- 1
- ISBN
- 9788281046559
- Språk
- Norsk (nynorsk)
- Vekt
- 535 gram
- Utgivelsesdato
- 4.12.2025
- Forlag
- Orkana
- Antall sider
- 374
