
Dagbok frå eit tomrom
Shibata er den einaste kvinna på kontoret. Det betyr éin ting: Ho får automatisk alle dei usynlege jobbane ingen andre vil ha – vaske kaffikoppar, rydde etter kollegaer, smile, stille opp, jobbe overtid. Oppgåver ho aldri har bedt om, men som likevel blir forventa av henne.
Ein dag får ho nok. I rein desperasjon – og med ein iskald ro – seier Shibata at ho ikkje kan vaske brukte kaffikoppar lenger, fordi ho er gravid og ikkje toler lukta. Og plutseleg skjer eit mirakel. Gravide Shibata treng ikkje servere kaffi. Gravide Shibata slepp overtid. Gravide Shibata får kvile, omsyn – og respekt. Problemet er berre éin liten detalj: Shibata er ikkje gravid.
No må ho halde liv i ei løgn som varer i ni månader – medan kollegaene gratulerer, magen “veks”, og forventningane aukar for kvar dag.
- Forfatter
- Emi Yagi
- Oppleser
- Kjersti Dalseide
- Oversetter
- Ingvill Kjærstein
- Opplag
- 1
- ISBN
- 9788234013638
- Språk
- Norsk (nynorsk)
- Utgivelsesdato
- 4.2.2026
- Forlag
- Samlaget
- Tilgjengelige elektroniske format
- MP3 - i en fil
- Spilletid
- 4tim 50min
- Lytt her
- Adlibris app
- Datamaskin
