Gå direkte til innholdet
Apokalypse Oslo
Spar

Apokalypse Oslo

Forfatter:
Norsk (nynorsk)
Den nye boka, Apokalypse Oslo, følgjer tre greiner frå terroråtaka 22.7. Den første er det politiske manifestet til Anders Behring Breivik. Kvifor skreiv han eit politisk manifest? Og korleis skal vi forstå det? Den andre greina er anklagane retta mot Frp etter 22.7., der det vart påstått at Frp, spesielt i artikkelen "Drøm fra Disneyland", nytta same retorikk som Behring Breivik. Kva retorikk bruker Frp i "Drøm fra Disneyland"? Den siste greina er Frps handtering av anklagane. Har Frp ein appell til den ekstreme høgresida? Kva er i så fall denne appellen og korleis er den utforma? Korleis klarte Frp å behalde den etter 22.7.?

Stammen dei tre greinene veks frå er det særeigne, apokalyptiske synet på verda der gode krefter kjempar mot vonde, der heltar drep drakar om dei sjølve ikkje blir dolka i ryggen. Og rota dei tre greinene får næring frå, er trua på verdas undergang, apokalypsen.
Opplag
1
ISBN
9788252181692
Språk
Norsk (nynorsk)
Vekt
92 gram
Utgivelsesdato
15.3.2012
Forlag
Samlaget
Antall sider
111