Gå direkte til innholdet
Å vere ein annan
Spar

Å vere ein annan

Forfatter:
Norsk (nynorsk)
Fernando Pessoas forfattarskap er ein portugisisk nasjonalskatt, og sanneleg er det ei skattejakt vi er med på når vi skal dykke ned i eit livsverk som på slutten av Pessoas liv var ei stor kiste full av papir. Dei over 25 000 lause manuskriptsidene, gav ettertida gåter som enno ikkje er løyste. Pessoa la tekstane sine i munnen på fiktive forfattarar som han kalla heteronym – ei oppteljing viser 136 ulike fiktive forfattaridentitetar.

Å vere ein annan er ei samling tekstar valt ut av omsetjar Øystein Vidnes som i mange år har arbeidd med Fernando Pessoas litterære verk. Tekstane er sett opp kronologisk og fører oss tett inn på dei mest kjende forfattarstemmene: gjetardiktaren Alberto Caeiro, futuristen Álvaro de Campos, klassisisten Ricardo Reis, den inneslutta drøymaren Bernardo Soares, den mangfaldige Fernando Pessoa sjølv og ei handfull andre.

Med denne boka får vi eit levande utsnitt av mangfaldet i Pessoas verk, som viser korleis forfattaren i heimlandet både kan vere ein folkekjær diktar og ein nyskapande analytikar av det moderne sjølvet, ein som tok seg sjølv frå kvarandre for å studere bitane. Enkelte av tekstane har først sett lys dei siste åra, og er for ein stor del framleis ukjende for dei aller fleste lesarar utanfor Portugal.

Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.
Undertittel
Poesi og prosa i utval
Oversetter
Øystein Vidnes
Opplag
1
ISBN
9788279593430
Språk
Norsk (nynorsk)
Vekt
363 gram
Utgivelsesdato
31.10.2022
Forlag
Skald
Antall sider
319