
17. mai Bergen
Nokre meiner ein bergensar er meir typisk enn andre, og kvart år på den "søttendes" slår han ut i full blomst.
Fotokollektivet Moment har dei siste åra arbeidd med å lage eit fotografisk dokument om fenomenet 17. mai i Bergen. Gjennom ein lang serie portrett av folk i alle aldrar, og med ulike kulturelle, etniske og sosiale bakgrunnar, viser fotografane eit samansett og allsidig bilde av byen og bergensaren.
Teksten i boka er av Frode Grytten som med sitt eige skarpe men også kjærlege blikk, fortel om Bergen og den typiske bergensaren.
"-Når bergensaren først er i gang, må han bare kjøre på, kjøre på, kjøre på. - Hallaien, ditt helvetes rævholl! roper bergensaren lykkelig ut over Festplassen. Korleis er det mulig å ikkje vere smellforelska i ein slik by?", skriv Grytten, og smeltar slik hjarta til alle som opnar boka.
- Forfatter
- Frode Grytten
- Illustratør
- Knut Egil Wang, Oddleiv Apneseth, Johan Bävman, Martin von Krogh, Chris Maluszynski, Eivind H. Natvig, Helge Skodvin
- Opplag
- 1
- ISBN
- 9788279592211
- Språk
- Norsk (nynorsk)
- Vekt
- 725 gram
- Utgivelsesdato
- 8.4.2015
- Forlag
- Skald
- Antall sider
- 159
