Siirry suoraan sisältöön
  1. Kirjat
  2. Lasten- ja nuortenkirjat
  3. 9-12 vuotiaille

Vulkanen vaknar

Sidottu, 2022
norjan nynorsk
Sarja:Overleve
30,60 €

Ny spenningsserie for ungdom. Om få år er verda heilt forandra. Byar og land har forsvunne under havet som stig. Millionar av menneske er drivne på flukt frå kysten. Andre flyktar frå brennande varme. Nokre frå krig. Forskingsskipet Bluenose skal leite etter fisk og andre livsviktige matkjelder i Atlanterhavet. Saman med mannskapet og forskarar er dei norske trettenåringane Jamal og Eira om bord. Begge har fedrar som jobbar på skipet. Jamal er verkeleg interessert i oppdraget, medan Eira er med mot sin vilje. Men så hamnar skipet midt i ei brutal krigssone. Jamal og Eira forstår at dei små kranglane dei har, blir uviktige i møte med eit stormfullt hav, menn med maskingevær og vulkanen som vaknar. «Vulkanen vaknar» er første bok i spenningsserien «Overleve», som tar deg med til ei nær framtid der menneska er utryddingstruga. Boka er illustrert av Nikolai Lockertsen.

Alaotsikko
Roman
Painos
1
ISBN
9788234003936
Kieli
norjan nynorsk
Paino
360 grammaa
Julkaisupäivä
3.1.2022
Sivumäärä
199